Tønnevik gard

Gårdsnavn: Tønnevik gard
Adresse:
Nesvegen 184, 4139 Hjelmeland
Org.nr:
974 213 478
Webside:
www.sigmundstad.no
Telefon: 
907 22 304
Kommune:
Hjelmeland
Status Matmerk:
Godkjent 2014-01-02
Tilbyder har hatt revisjon på sitt tilbud og tilfredsstiller de krav som settes til Inn på tunet

Har tilbud i følgende kategorier:
Tilbud i psykisk helse
Rusrelatert omsorg

Beskrivelse av tilbudet:
Tønnevikgruppa, -eit Inn På Tunet tilbod i Hjelmeland Kommune.
Det vert tilbudt ein dag i eit aktivt og naturleg miljø med vekt på felleskap, samtale, gode opplevingar, med respekt for den einskilde brukaren.
Garden Tønnevik på Fister driv med gardsturisme, småbåthavn, tomteutvikling, skogbruk, beitedyr, og Inn På Tunet.
Målet er å lukkast saman med brukaren til å kome vidare, og å ha ei god oppleving i trygge omgivnadar.
Med vekt på det sosiale er det fast med felles måltid og god drøs.
I tillegg tilbys fleire aktivitetar og arbeidsoppgåver som er tilpassa brukarane, og varierte årstider.
Aktivitetar kan vere stell av dyr, hundekjøring, matlaging, fiske, turar, sosialt samvær.
Ein variert dag tilpassa brukar og årstid kan innehalda frilufts aktiviteter som: hundekjøring, fisketur, turgåing, båttur.
Eller det kan være felles arbeidsoppgåver som: stell av dyr, matlaging, baking i vedfyrt bakeovn, vedproduksjon, fiske, handarbeid.
Brukarane sine hobbyar, kunnskaper, og interesser er viktige for utviklinga av aktivitetane i gruppa.
Garden er driven av Åse og Peter Sigmundstad. Åse har bakgrunn som hjelpepleiar med tilleggsutdanning som psykisk helsearbeidar, og arbeider i Hjelmeland Kommune.Peter er agronom med tilleggsutdanning innan administrasjon og leiing, og arbeider på garden.
Psykisk Helse i kommunen har brukt dette IPT-tilbodet sidan oppstarten i 2005. I tillegg har både skulen og barne- og familieseksjonen nytta tenestane.
Gruppestorleiken kan vera inntil 7 personar.

Inn på tunet Rogaland er ikke ansvarlig for nettsider det linkes til fra denne siden.

Kontakt