Korleis kan kontakt med planter, dyr og naturopplevingar gje betre livskvalitet for ulike brukargrupper? Det er hovudtemaet på nordisk Inn på tunet konferanse i Kristiansand 31. oktober –1. november. Konferansen blir samkøyrt med Nordisk forskarsamling innan «Green care and nature based interventions».

Konferansen finn stad på Scandic Sørlandet Hotell Kristiansand.

Tema i parallellsesjonar:

  • Det er mogleg berre å delta ein av dagane.
  • Dag 1:  Mest av fråfallsproblematikk og aktuelle tiltak for  barn og unge
  • Dag 2:  Inn på tunet tilbod til eldre og personer med demens

Målgrupper:

  • leiarar og tilsette i helse-, sosial-, NAV- og utdanningssektoren
  • tilbydarar av velferdstenester frå landbruket
  • aktuelle kompetansemiljø og brukarorganisasjonar
  • politikarar, pårørande og andre interesserte

Påmeldingsfristen er 25. oktober, og du melder deg på via heimesida til Universitetet i Agder.

Sjå program her.

Meir om Inn på tunet hos Fylkesmannen i Rogaland.

Arrangør:
Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder, Fylkesmannen i Rogaland, Universitetet i Agder og Nasjonalforeningen for folkehelsen.