Velg en side

Inn på tunet  – Ganddal/Kverneland i Sandnes kommune mandag 18. november

Inn på tunet Rogaland, i samarbeid med Fylkesmannen, arrangerer studietur i grøn omsorg/Inn på tunet måndag 18. november d.å.

Det blir besøk til gardane Tryggvi Islandshestgård og Røyrvik Aktivitetsgard.

Det blir fokus på tilbod til brukarar innan arbeidstrening/psykiatri, barnevern/fosterheim, fritidstilbod til flyktningar samt bruk av garden i høve til barnehage og skule.

Målgruppa for studieturen er både tilbydarar og kjøparar av Inn på tunet tenester, aktuelle brukarorganisasjonar eller andre interesserte. 

Kva er Inn på tunet?

Den offisielle definisjonen er: «Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel.»

Inn på tunet retter seg mot oppvekst/skule- samt helse/omsorg/sosial- og arbeidssektor.

Formålet med studieturen er å vise korleis Inn på tunet-gardane kan skreddarsy gode tilbod til ulike brukargrupper.

Påmelding til Edvard Kolnes, steindal@steindal.com , mobil nr.  90945254.

Program:

15.30: Oppmøte på Tryggvi Islandshestgård Kvernelandsveien 117 NB! På grunn av vegbygging er det litt vanskeleg å finne fram. Sett «Google maps» på adresse; Kvernelandsveien 117, 4323 Sandnes og følg skilting mot Sivilforsvaret/SISIRO heilt til du ser skilt til Tryggvi Islandshestgård. Mob Tryggvi 918 71 497.

Tryggvi har i fleire år hatt eit samarbeid med Sandnes Pro-Service, og kan tilby arbeidsførebuande trening til personar med psykiske helseutfordringar. Sandnes Pro-service er ein såkalla vekstbedrift som får støtte frå NAV. Formålet med arbeidstreninga er å klårleggje om deltakarane skal tilbake til ordinært arbeid, eller om det blir trygdeløysingar. Arbeidsoppgåvene er innan hest og dyrehald, drivhus- og grønsakproduksjon, tre- og skogsarbeid, honningproduksjon, vedlikehald av maskinar og bygningar samt anna førefallande gardsarbeid. Det blir lagt vekt på å finne arbeidsoppgåver den enkelte vil trivast med. Arbeidsleiarane i tiltaket er Audun og Karen Handeland, og dottar deira Grete. Sandnes Pro-Service vil også vere til stades på garden ved Aina Pollestad.  

16.30: Avreise Tryggvi

16.35: Framkomst Røyrvik Aktivitetsgard, Kvernelandsvegen 135.

Røyrvik er eit lite småbruk som ligg idyllisk til ved Figgjoelva på Foss Eikeland i Ganddal, Kvernelandsveien 135. Her er det hestar, sauer, geiter, ender, kaninar, hund og katt.  Gardsbarnehagen og arbeid for Bufetat utgjer hovudnæringa. Det blir også arrangert barneselskap, skuleavslutningar og andre lukka arrangement. I skuleferien har det vore fritidstilbod til unge flyktningar.

Bonde og eigar av gardsbarnehagen Mikael Johnsen vil vise oss rundt på garden. Etter omvisinga blir det servering av pizza, kaffi, te og mineralvatn.

Representant frå Sandnes kommune vil også vere til stades på omvisinga og møtet etterpå.

Åse Hørsdal frå Inn på tunet Sørlandet SA vil også vere med på turen og informere kort om framveksten av samvirkeorganisering blant Inn på tunet bøndene.

Bjørn S. Berg fra Fylkesmannen vil gi ein orientering om Inn på tunet satsinga nasjonalt og om Fylkesmannens oppdrag.

18.15: Avreise